Følg oss på:

Følg oss på Twitter
Legger nakenbilde av eksen på nett

Legger nakenbilde av eksen på nett

Det har blitt ein trend å publisere bilete av folk som ikkje har gitt samtykke til det. Det seier seniorrådgjevar i Norsis, som fortel at han stadig blir kontakta av fortvilte jenter som vil ha bilete fjerna frå nett.

Del på twitter Del på facebook

Skrevet 27.januar 2012 kl 21:41

Foto: Baremeg.no

artikkel skrevet av: Sigrun Landro Thomassen ved 

 

 

 

Det har blitt ein trend å publisere bilete av folk som ikkje har gitt samtykke til det. Dette genererer kanskje meir spenning, og vi ser meir og meir av det, seier seniorrådgjevar i Norsis Hans Marius Tessem til NRK.no.

Norsis overtok ved årsskiftet drifta av tenesta Slettmeg.no, som har vore drive av Datatilsynet i to år.
Tessem fortel at han stadig blir kontakta av unge fortvilte jenter som vil ha bilete fjerna frå nett. Ofte dreier det seg om at private sex- og nakenbilete har vorte publisert av hevnlystne eksar.

 

Mange er uvitande
Tessem kjenner til utanlandske nettstadar som oppmodar om å legge ut bilete av eks-kjærestar - bilete du lovde å aldri publisere, som det står. Han fortel at her finst bilete av norske jenter. Mange av dei ser ut som dei er i tenåra, og dei poserer nakne og i seksuelle situasjonar.

– Eg trur det er mange som ikkje veit at desse bileta ligg på nett, seier Tessem.
– Det er så stygt å gjere noko slikt mot ein annan person, og det vitnar om lite respekt.

Slettmeg.no har også nyleg kome over ei samling lagt ut på eit fildelingsnettverk, med tusenvis av seksuelle bilete, også av norske jenter, kopla opp mot Facebook-profilane til jentene som er avbilda, med alt av private opplysningar som ligg der.

Les også: Video fra skoleavslutning tillatt på nett?

 

Ulovleg
Dersom du lastar opp eit bilete av ein annan person, utan at den personen har godkjent det, kan du bryte Straffelova, Åndsverklova og Personvernlova, og du kan risikere fengsel i opptil 2 år.

Det fortel ein av dei mest erfarne advokatane innan opphavsrett og personvern i Noreg, Eirik Djønne, til Dagsrevyen. Han trur dette er lovene folk bryt oftast.

– Det gjer vi alle. Vi har Facebooksider, vi legg ut bilete frå familielag, festar, og vi ber ikkje alle om samtykke, seier Djønne.

Og problemet med ulovlege bilete er ekplosivt aukande, ifylgje advokaten.

 

– Krenka og rettslause
Når uønska bilete er hamna på nett, er det ikkje alltid lett å få fjerna dei att. Og å kome i kontakt med dei som driv utanlandsbaserte nettstadar er ofte vanskeleg.
– Dei som er ramma er i ein håplaus situasjon - dei føler seg ofte krenka og rettslause, seier Hans Marius Tessem.

Slettmeg.no oppfordrar i første rekke nettstadane om å fjerne innhaldet ved å forklare situasjonen:
– Men vi er også prisgitt dei som forvaltar bileta, altså nettsida, og der møter vi veldig mykje forskjellig.

 

Snakk saman om publisering av bilete
Barnevakten oppmodar både barn og vaksne til å ha eit bevisst forhold til korleis ein handsamar bilete på nett og mobil.

Her er fem gode spørsmål som familien kan bruke som utgangspunkt for ein nyttig samtale:

• Kven må ein spørje om lov for at det er greitt å dele bilete via nett eller mobil?
• Har ein publisert eit bilete dersom ein har sendt eit foto frå eige mobilkamera til nokon andre sin mobil?
• Kvar går grensa for kva slags bilete som er greitt å dele digitalt?
• Kva gjer du dersom nokon andre har delt bilete av deg utan å ha spurt om lov?
• Kva gjer du dersom du mottar private eller stygge bilete av andre på mobilen din eller andre sosiale medier?

Ressursar:

Personvernskolen.no: Her finn du utfyllande svar på ulike problemstillingar knytta til publisering av bilete.

Slettmeg.no: Vær varsom med feriebildene

Datatilsynet: "I beste mening" er ein vegleiar for handtering av bilete av barn på nett. Heftet kan bestillast eller lastas ned via Datatilsynet si nettside.


Relaterte saker på barnevakten.no:

Fineste på Facebook

Hva ungdom bør tenke over når de publiserer

Mange trenger slettehjelp

Video fra skoleavslutning tillatt på nett?

 


Relaterte saker:

Badebilder, bikinibilder og bildepublisering

Badebilder, bikinibilder og bildepublisering

Badesesong og bikinitid resulterer ofte i bade- og bikinibilder av egne barn. Hvordan behandler vi foreldre egne bilder av våre skjønne små og store?  Les mer »

Annonse:


Sist endret 28.juni 2012 kl 12:24

[ Annonsere på jenteporten.no | Om jenteporten.no | Kontakt oss | Rettigheter & ansvar ]